Gruppetilbod frå rus- og psykiatritenesta

tusja_6 kompr.jpg - Klikk for stort bilete

 

Rus- og psykiatritenesta i Voss kommune har ei rekkje gruppetilbod til menneske som av ulike grunnar treng litt ekstra støtte eller rettleiing ein periode.

Dei fleste av oss vil oppleva psykiske helseplager ein eller fleire gonger i livet. Heldigvis finst det god hjelp å få, og for dei fleste løyser dette seg. Det viktigaste du kan gjera når du har det vanskeleg er å vera open om det. Sjansen for at du vert bra er større om du ber om hjelp tidleg.

Tilboda er i utgangspunktet opne for alle. Ein treng ikkje vedtak frå tildelingskontoret for å delta.

  • Pårørandegruppe - for pårørande til menneske med ruslidingar eller psykiske lidingar. Kontaktperson Kari Skjervheim Simonsen,  tlf. 96097740/ epost:  kari.s.simonsen@voss.kommune.no. Oppstart veke 17.
  • KID -  Kurs i meistring av depresjon er for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemt eller er deprimerte (frå lett til moderat) på ei slik måte at det går ut over dagleg funksjon og livskvalitet. Kontaktperson: Evy Kjos tlf. 97050355/ epost: evy.kjos@voss.kommune.no. Oppstart veke 17.

 

 

 

  • Treningsgruppe for menneske med psykisk liding. Kontaktperson Kari Johanna Soldal, tlf. 96097736/ epost: kari.j.soldal@voss.kommune.no. Kontinuerleg oppstart.

 

  • Mat og aktivitetsgruppe for rusavhengige. Kontaktperson Torill Dugstad. Tlf. 95262037/ epost: torill.dugstad@voss.kommune.no. Oppstart veke 17, deretter kontinuerleg.
  •  

Oasen dagsenter er eit lågterskeltilbod for personar med psykiske lidingar. Me er opne kvardagar frå 10-15. Målsetjinga er at dagsenteret skal tilby ein møteplass, nokon og prate med, ulike aktivitetar eller berre ei «trygg hamn». Ta kontakt på telefon, eller stikk innom for ein prat. Kanskje dette kan vera noko for deg?

Telefonnummer Oasen: 96097736/ 99207110.

Rus og psykiatritenesta i Voss kommune ynskjer deg velkommen til å nytta våre tilbod!

 

 

Sist endra 16.03.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering