Voss kommune brukar innkjøp til å ta vare på miljøet

GrøntPunkt.jpg - Klikk for stort bilete LOOP

 

Voss kommune er sertifisert som Miljøfyrtårn, der eit av krava er at kommunen skal vera kontrollmedlem i Grønt Punkt Norge. Det betyr at me vil stilla krav om at alle som ønskjer å selje varer til Voss kommune må vere med i ei returordning for emballasje.

Grønt Punkt Norge AS er næringslivets reiskap for å oppfylle krava styresmaktene har til attvinning av brukt emballasje. Men mange bedrifter som produserer eller nyttar emballasje er i dag ikkje med på å betale for returordningane, sjølv om også deira brukte emballasje blir innsamla og utgjer ein kostnad for retursystema. Dette kan verke konkurransevridande overfor dei som lojalt sluttar opp om systemet, og kan på sikt true returordningane.

For Voss kommune medfører kontrollmedlemskapen at me i innkjøpa våre vil stilla krav til at norske vareleverandørar er medlem i Grønt Punkt Norge eller tilsvarande ordningar for innsamling og attvinning av brukt emballasje.

Voss kommune vil på den måten gjera sitt for å unngå at leverandørar til det offentlege kan vere gratispassasjerar i returordningane.

Medlemsregister Grønt Punkt Norge finn du her. Vil du lesa meir , gå inn på heimesidene til Grønt Punkt Norge.

 

Sist endra 15.02.2017
Nyhende karusell forsiden
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering