Ny kommune frå fjord til fjord

voss-granvin.png - Klikk for stort bilete

Styringsdokument og framdriftsplan på plass

Mellombels fellesnemnd har vedteke både styringsdokumentet og framdriftsplanen (PDF, 249 kB) for jobben med å byggja ein ny kommune, beståande av Voss og Granvin. Møtet i nemnda var halde på Voss onsdag, og var det fyrste ordinære møtet i mellombels fellesnemnd.

Utover å vedta styringsdokument og framdriftsplan, konstituerte mellombels fellesnemnd seg, med ordførar Hans-Erik Ringkjøb som leiar og ordførar Ingebjørg Winjum som nestleiar.

Arbeidsutvalet vart også vedtatt, der sit ordførarane rådmennene i dei to kommunane. Partsamansett utval vart vedteke, med fylgjande medlemer:

Frå Voss:

1. Hans Erik Ringkjøb, leiar

2. Sigbjørn Hauge

3. Bjørg Djukastein 

1. vara: Jorunn Ytrefjord

2. vara: Knut Ståle Kvissel 

3. vara: Arne Mossefinn 

Frå Granvin

1. Ingebjørn Winjum, nestleiar

2. Hans Jacob Mæland

1. Lars Brekke (vara) 2. Marianne Espeland (vara) 3. Atle Seim (vara)

3. Annlaug H. Såkvitne

1. vara: Knut Endre Folkedal

2.vara: Martin Hamre

3. vara: Erling Bruvik

Frå dei tilsette: To hovudttillitsvalde frå Voss, to hovudtillitsvalde frå Granvin.

Nemnda drøfta også prinsipp for samarbied, samordning og gevinstrealisering, møtegodtgjersle, møteplan og prinspipp kring prosjektleiing.

Mellombels fellesnemnd på Voss onsdag. - Klikk for stort bileteMellombels fellesnemnd på Voss onsdag.

 

Fyrste spadetak mot nye Voss

Det var god stemning under Voss og Granvin sitt felles formannskapsmøte på Voss torsdag. Møtet markerer på mange måtar starten på den store prosessen som skal munna ut i ein ny kommune som skal vera i full drift 1. januar 2020.

Dei to kommunane Granvin og Voss skal formelt leggast ned, og ein ny kommune skal byggjast, med det beste frå både Voss og Granvin. Det neste som no skjer er at kommunestyret i Granvin (15. februar) og  Voss (16. februar) gjer vedtak om å oppnemna fellesnemnda, som skal vera øvste organ i samanslåingsprosessen.

 

Kake avslutta møtet mellom Granvin og Voss. Ordførarane fekk forsyna seg fyrst - Klikk for stort bilete

 

Kring bordet var det fleire politikarar både frå Voss og Granvin som framsnakka den nye kommunen, og peika på at prosessen både vert spennande og opnar nye moglegheiter.

 

Eit av mange spørsmål vil vera kva kommunevåpen den nye kommunen skal ha. - Klikk for stort bilete

 

Til dette møtet har rådmann Einar Hauge i Voss og rådmann Trude H. Letnes i Granvin herad skrive eit større notat om kommunesamanslåinga, der dei tek for seg mellom anna både bakgrunn for kommunestrukturen, prosjektorganisasjon og dei ulike rollene til dei ulike aktørane som skal delta i arbeidet med å byggja ein ny kommune. Notatet er tenkt som grunnlag for diskusjon i det felles formannsakpsmøtet. Notatet finn du ved å klikka her (DOCX, 82 kB), eller i menyen til høgre.

 

 

 

Voss og Granvin vil slå seg saman til ein ny kommune. Dei to kommunane vil før jul gå i samtalar for å leggja ein plan for den vidare prosessen.

 

Det er ein stor jobb å slå saman to kommunar til ein, og det er mange avklaringar som må på plass. I første omgang skal det leggjast ein plan for den vidare prosessen, og dette arbeidet er alt i gang.

 

20. desember var det møte mellom ordførar og rådmann i Voss og Granvin. Møtereferatet finn du her (DOCX, 95 kB), eller i menyen til høgre.

 

Rådmenn og ordførarar møttest fredag 10. mars, mellom anna med gjennomgang av saksliste til konstituerande møte i mellombels fellesnemnd. Referat finn du her (DOCX, 91 kB), heller i menye til høgre.

 

Denne sida vil bli fortløpande oppdatert med informasjon om kommunesamanslåinga.

 

 

Sist endra 22.03.2017
Fann du det du leitte etter?
Politisk handsaming (1)
Eksterne lenker
 
Login for redigering