Historie

  

Mølstertunet - Klikk for stort bileteMølstertunet 3000 år sidan
For meir enn 3000 år sidan kom fangst- og veidefolk hit og fann grøderike dalar, fiskerike vatn og fjellvidder med eit rikt dyre- og fugleliv. Denne naturrikdommen danna grunnlaget for ein rik jordbrukskultur som er levande den dag i dag. Spora etter dei ulike epokane kan ein finne rundt omkring i bygdene, til dømes Olavskrossen, som Olav den Heilage reiste i år 1023.

Utviklinga
Bygda fekk tidleg samband utover: Forsvaret la eksersisplassar her, vegar og jernbane opna for reiselivet og vidaregåande skular av mange slag gjorde bygda til ein skulestad. Mot slutten av 1800-talet vart dei første små industribedriftene grunnlagde. Vossevangen vart lagd i grus under bombing i 1940, men vart seinare gjenreist som ein moderne småby.
I dag er Voss eit levande sentrum med nær 14.000 innbyggjarar. Med sine 1815 km² er Voss den største kommunen i Hordaland, sentralt plassert som eit knutepunkt mellom Hardanger og Sogn, mellom aust og vest. Både Bergensbanen og E16 går gjennom Voss.

Næringsvegar
Jorda og skogen har tradisjonelt vore det viktigaste næringsgrunnlaget, men Voss har og ein mangfaldig industri. Handel, turisme og dessutan ulik tenesteyting er likevel dei næringane som gjev arbeid til største delen av dei som bur i kommunen.

Gamal og ny tid
Voss har rike kulturtradisjonar innan kunst, kultur, musikk og mat. Dei blir stadig haldne i hevd, både gjennom enkeltpersonar, institusjonar som Ole Bull Akademiet og gjennom dei mange festivalane som kvart år blir skipa til her. Me kan nemne Vossajazz, Ekstremsportveko, Smalahovesleppet og Osafestivalen.  

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering