Frivillig

Kvart år blir mange tusen årsverk i frivillig arbeid utført i Noreg, og også på Voss er det mange som bidreg. Tal frå Frivillighet Norge syner at halvparten av befolkninga deltek i frivillig arbeid. Frivillig arbeid er arbeid der ein ikkje er i eit ordinært tilsetjingsforhold, og ikkje får ordinær lønn. Frivillig arbeid er gjerne knytt til organisasjonar med eit samfunnsnyttig føremål, t.d. Norges Røde Kors, Kyrkja eller ulike idrettslag.

 

Vil du gjera ein innsats for andre?
Å jobba som frivillig er meiningsfullt, kjekt, sosialt og kompetansegjevande. 

Kven kan vera frivillig?

  • Du som vil bruka fritida di til å hjelpe andre.
  • Du som har blitt pensjonist og synest dagane blir litt lange.
  • Du som er ung og vil auka livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske.
  • Du som er arbeidssøkjar og ynskjer å gjera noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkjingstid.
  • Du som ynskjer å vera eit medmenneske.
Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering