Ein attraktiv arbeidsplass

Kommunalavdelinga Helse og omsorg er den største arbeidsplassen i kommunen, med 417 årsverk og 600 tilsette. Utdanningsnivået er høgt, og mange har spesialisering eller er i gang med dette innan sine fagfelt. Avdelinga har i fleire år hatt fokus på å auka stillingsbrøken for dei som ønskjer høgare stilling, redusera arbeidsrelatert sjukdom og leggja til rette turnusar og arbeidstid for den einskilde. Målet er å finna den beste løysinga for arbeidstakar og arbeidsgjevar. Me er difor stolte av å seia at kommunalavdelinga Helse og omsorg er ein trygg og god arbeidsplass.

 

Meir kompetanse og høgare utdanning

Personalavdelinga har satsa på kompetanseheving, rekruttering og desentralisert sjukepleiarutdanning i samarbeid med Høgskulen i Bergen. Fleire av dei tilsette i Helse og omsorg tek meir utdanning i vaksen alder, og mange av einingane våre tek imot lærlingar innan helsefag. Alle nytilsette i kommunalavdelinga får ein opplæringsplan, og me held kurs for nytilsette og vikarar. Utdanning som helsefagarbeidar er også mogeleg.

 

Trivsel og kvalitet

Engasjerte, fleksible og flinke folk gjer at me får til ei god drift. Kvar og ein sin daglege innsats er viktig for at me skal kunna tilby gode tenester til brukarane våre. Tydelege forventningar til tilsette skal formidlast av leiarane våre gjennom arbeidsplanar, rutinar, prosedyrar og dei gode samtalane. Dette klarar me ved å tenkja alternativt når det gjeld arbeidstid, samarbeida på tvers av avdelingar, og inkludera dei tilsette i planlegginga. Ved å ta medarbeidarane på alvor, legg me til rette for eit attraktivt og stabilt arbeidsmiljø. Me prøver å gje rom for at medarbeidarane våre kan kombinera arbeid og privatliv. Dette gjev gode råmer for brukarane, og høg trivsel på arbeidsplassane.

 

Sist endra 09.04.2015
Fann du det du leitte etter?
Nettsider (1)
 
Login for redigering