Vossabadet

Vossabadet.png - Klikk for stort bilete

Prosjektomtale
 

Frå idrettsmiljø og politisk nivå i Voss kommune har det gjennom fleire år vore ynskje om å få på plass eit nytt symjeanlegg på Voss. Kommunestyre vedtok i 2014  å gjennomføra eit forprosjekt.  Forprosjektet sat krav om 25m basseng, opplæringsbasseng og stupeanlegg i eige basseng. Flaumen hausten 2014 med tilhøyrande nye flaumkart samt grunnvassproblematikk medførte at realiseringa av Vossabadet møtte på ein del utfordringar. Bygget kunne ikkje lenger byggast i lag med Voss Idrettshall og måtte starta på nytt, på ny tomt. Sommaren 2015 vart det gjennomført anbodskonkurranse for å pre-kvalifisera tilbydarar, og 6.april i 2016 kunne endelig vinnarutkastet til Constructa As presenterast  i offentlegheita. Endeleg vedtak i kommunestyret om bygging kom 16.06.2016 i  KS-sak 35/16.

Prosjektleiar for Voss kommune er Rune Breistein, WSP Norge AS.

Nyhende frå prosjektet
27.06.17

Snart er bassenga ferdige, og i løpet av veka startar ein å fylla dei med vatn

konkurransebassenget i vossabadet - Klikk for stort bilete opplaringsbasseng.jpg - Klikk for stort bilete stupetårnet - Klikk for stort bilete bakvegg.jpg - Klikk for stort bilete

 

 


 

 

 

07.03.17

Vossabadet reiser seg, og om eit halvt år skal bygget stå ferdig. Arbeidet går etter planen, og om ikkje lenge er bygget tett.

bilde 2.jpg - Klikk for stort bilete

bilde 1.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Oktober -16
Arbeidet er kome godt i gang og er i rute. Avdeling for park, idrett og kyrkjegardsdrift er flytta til nytt område ved Idrettshallen, og utgraving og grunnarbeidet på byggetomta er i gang.

Vossabadet.JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 

07.08.16
Etter at det politiske vedtaket vart fatta i kommunestyret i juni, er no òg den formelle kontrakten mellom Voss kommune og Constructa AS signert, 3 august 2016. Constructa AS overtek byggetomta 8.august, og dei startar straks arbeidet med det nye badet. Vossabadet skal stå ferdig og overleverast Voss kommune 28.august 2017.

Sist endra 27.06.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering