Klausabakken barnehage (tidl. nye Lundhaugen barnehage)

20170716_194923.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Prosjektomtale

 

Lundhaugen barnehage på Rogne vart bygd i 1975.I 2008 vedtok kommunestyret at det skulle byggast ny barnehage på Lundhaugen. Den nye barnehagen, Klausabakken barnehage, skal erstatta både Lundhaugen barnehage og den mellombelse barnehage som har vore på Hagahaugen.

 

Planteikninga ser du over her. For teikning med høgare oppløysing som du kan zooma inn på, klikk her (PDF, 545 kB), eller i menyen til høgre.

 

Klausabakken barnehage skal vera ei trygg ramme for både  128 born og  dei tilsette, og det er lagt vekt på at bygget skal vera tilpassa pedagogiske prinsipp. Mål for prosjektet er å få eit energieffektivt og klimanøytralt bygg, med låge livsløpskostnader. Arbeidet med ny ballplass og tilkomstveg er allereie starta opp, medan arbeidet med sjølve barnehagebygget skal starta i mai -16. Voss kommune vonar at den nye barnehagen skal vera klar til innflytting til nytt barnehageåret august i 2017.

 

Nyhende frå prosjektet

 

Desember-16

Det er tett tak på den nye barnehagen. Og tradisjon tru inviterte byggherre til fest for arbeidsfolket. Nye Lundhaugen barnehage vil ha plass til 128 born og 30 tilsette på fire ulike avdelingar. banrehagen skal vera ferdig i juli neste år, klar til oppstart 1. august. Arbeidsfolket fekk både pizza og kake i kransalaget, og gode ord frå byggherre-representant, prosjektleiar Muhamed Causevic. Han er glad for både framdrift og at det er økonomisk kontroll, men er aller mest stolt og glad for at ingen av arbeidsfolket har vor eutsett for ulukker eller skader så langt i arbeidet. - Pass på dykk sjølv, så alle kjem uskadde heim til familien og kan eta middag kvar dag også vidare i prosejktet, bad han.

Leiar i plan- og byggenemnda, Arnfinn Gjeråker, gledde seg også over godt arbeid og god økonomisk styring. Han gler seg til barnehagen blir ferdig, og trur det vert eit flott område for alle borna i grenda.

 

September-16
Arbeidet er kome godt i gang og er i rute. Ballplassen er ferdig, og ved månadsskiftet august/september var det felles oppstartsmøte med alle entreprenørar, prosjekterande og byggherre for bygginga av den nye barnehagen. Sidan er dei fleste fagområda i full sving på arbeidsplassen. Dei ulike entreprenørane som er på plass er:

O. L. Kyte AS, grunn- og betongarbeid

Johs. E. Øvsthus AS, bygningsmessig arbeid

Hamstad AS, ventilasjon

Kåre neteland AS, varme og sanitær

Vangen Elektriske AS, elektro, SD-anlegg og automasjon

Scan Heis AS, heis

Norconsult AS står for prosjektering. Prosjektleiar er Muhamed Causevic og Olav Dolve Afdal er byggeleiar.

 

18/4 - Tilbodsåpning - 21 tilbod.
Etter anbudskonkurransen på bygging av Klausabakken barnehage kom det inn 21 tilbod på dei seks utlyste entreprisane. Voss kommune er nøgd med deltakinga og har fått fleire tilbod på kvar entreprise. Det var stor lokal deltaking, men og tilbydarar frå Bergen, Sogn, Kvam og Mandal.  Evaluering og kontrollrekning av tilboda er starta og kommunen forventar å sende ut innstilling på tildeling av kontrakt i løpet av veke 17/18.​

 

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering