GrøntPunkt.jpg

Voss kommune brukar innkjøp til å ta vare på miljøet

15.02.2017

Voss kommune er sertifisert som...

Vinterleik

Barnehageopptak 2017/2018 søknadsfrist 1.mars

14.02.2017

Barnehageopptak 2017/2018 Søknadsfrist 1...

Kunst

Kartlegging av kunst

13.02.2017

Voss kommune er i gang med å kartlegga...

Bygd for sterke opplevingar

Prestegardslandet.JPG - Klikk for stort bilete Tor Helmer Halvorsen

 

"Eg veit ei bygd med lange, leine lider, som fell frå fagre fjell i dalen ned".

Slik er starten på Vossasongen, ein song som hyllar bygda for den storslegne vestlandsnaturen me er så heldige å ha. Men Voss er mykje meir enn natur - Voss er eit regionalt skulesenter og knutepunkt for handel. Me husar årlege festivalar og store idrettsarrangement, og me fostrar OL- og VM-vinnarar som inga anna bygd har gjort før oss.

Voss - ei bygd med ambisjonar, ei bygd som ser moglegheiter i samarbeid med andre, ei bygd i vekst. 

Fem fakta om Voss kommune:

 

  • Fylke: Hordaland.
  • Innbyggjarar: 14.512 (2016).
  • Grensar i vest til Vaksdal, i sør til Kvam og Granvin, i aust til Ulvik og i nord til Aurland og Vik i Sogn og Fjordane fylke.
  • Med sine 1815 kvadratkilometer er Voss den største kommunen i fylket.
  • Dei største næringane er offentleg tenesteproduksjon, handel, reiseliv og jord-/skogbruk.

Sjå brosjyra vår

 

 

Sist endra 18.01.2017
Fann du det du leitte etter?
Login for redigering