Bustader på Voss

Bustader på Tvildemoen - Klikk for stort bileteBustader på Tvildemoen I Voss kommune er det rundt 14000 innbyggjarar, halvparten av desse bur i sentrumsområdet på og kring Vossevangen.

Dei siste åra har det vore sterkt fokus på bustadbygging. Mellom anna er det på Nyre opna opp for 300 nye einingar, og på Tvildemoen legg ein opp til 500 nye einingar. I lag med fortetting og andre prosjekt i sentrum har kommunen no eit potensial for over 1000 nye bueiningar i sentrumsområdet. Utover det er det byggefelt på gang fleire plassar i bygda; m.a. Haug på Bordalen, på Rene og på Kyte.

 

Kommunen kan tilby kommunale tomter til gunstige prisar på Evanger og Bolstad, 20-30 km frå Voss sentrum. Ansvarleg teneste: Bustadkontoret i samarbeid med kommunalavdeling for tekniske tenester.
 

Kontaktinformasjon

Postboks 145
5701 VOSS
Tlf. 56 51 94 00
E-post: postmottak@voss.kommune.no

 

Nytilflytta til Voss

Som nytilflytta til Voss har ein stort behov for å halda seg orientert, og ein søkjer mest mogleg informasjon om det som skjer i bygda og i grannekommunane. Voss kommune og lokalavisa "Hordaland" har inngått eit samarbeid for å gi nytilflytta til Voss best mogleg informasjon. Dette gjeld så vel dei som har flytta permanent til Voss, som skuleelevar og andre som bur her i ein periode.

 

Alle som melder flytting til Voss via Postens Flyttehjelp kan krysse av for at dei ynskjer å motta ei velkomst-pakke som består av gratis prøveabonnement på lokalavisa, inkludert kommunen si brosjyre, kinobillett og dagskort i Voss Resort og Myrkdalen.

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering