Elevane i barneskulen kjem frå Sundve og Myrkdalen krins, medan elevane i ungdomsskulen også kjem frå Jordalen og Oppheim . Samla elevtal dei siste åra har lege rundt 120. Barnesteget er fådelt. Ungdomssteget har om lag 20 elevar pr. klasse. 1. -4 klasse har SFO tilbod.
Sundve skule sin visjon er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.
Det overordna målet er tryggleik, trivsel, læring og utvikling for alle. All aktivitet skal ha dette som grunnlag.
Strategisk utviklingsplan for 2010 -2014 har som mål:
- Å skapa eit godt læringsmiljø for utvikling av heilskapleg kompetanse i samarbeid mellom elev, heim og skule. Å utvikla skulen som lærande organisasjon.
Vi vil i perioden arbeida med:
- Digital kompetanse - It`s learning
- Læringsmiljø
- Realfag
Vi vektlegg arbeidet med K06 der hovudfokuset er å læra. Å kvalitetssikra og vidareutvikla organisasjonen er sentralt for alle tilsette.
Skulen er utvida og påbygd i fleire etappar, administrasjon- og personal-avdelinga som det siste og beste. Planarbeid for nytt skulebygg er i gang (Haust 2011)
Uteområda våre er gode og vert nytta til variert aktivitet både sommar og vinter. Ballbingen, som ligg i tilkyting til kommunal idrettsplass, vert flittig brukt.
Kontaktinformasjon
Sundve skule
Vossestrandvegen 714
5713 Vossestrand
Telefon 56530530
SFO 56530539
E-post: sundve.skule@voss.kommune.no
Rektor: Arnulv Ringheim
Undervisningsinspektør: Kari D. Dregelid