Oppheim skule ligg på Oppheimsvangen, nær "Bua" på Oppheim.
Skulen vart bygd i 1976. Opprinneleg var alle elevane samla i eit ope landskap. Etter som ulike behov har meldt seg, har lettvegger og delevegger vorte sett opp, og planløysinga kan no kallast delvis open. Utearealet har dei siste åra bore preg av slitasje og vore lite innbydande til aktivitet. Me er inne i ei oppgradering, og vonar å vera i mål til skulestart august 2013.
Skulen er ein rein barneskule, 1.-7. trinn, og skuleåret 12/13 har me 46 elevar. Elevtalet har gått ein del ned dei siste åra, men ser no ut til å stabilisera seg på vel 40. Det pedagogiske personalet ved skulen er 6 lærarar, 2 assistentar og 1 rektor. Vår tildelte ressurs til undervisning og administrasjon utgjer 7 årsverk.
Alle rådsorgana skulen skal ha er oppretta etter føreskriftene og aktive.
I skulen sin visjon "Vera i lag og gjera det bra" ligg det at me satsar hardt på relasjonsbygging. Gode relasjonar mellom aktørane i skulesamfunnet er avgjerande i elevane sitt arbeid for å nå kompetansemåla i Kunnskapsløftet.