Bulken skule

Har du sett godt på logoen vår ?
Her ser du ein typisk "Bulkar". Han er flink til å arbeida, jordnær, likar helst å skapa noko i lag med andre, er ikkje redd for å ta tunge tak og er riktig flink til å få mykje ut av lite, - som du skjønar,- på Bulken skule er me små maurar alle i hop, -liten som stor, me byggjer ein skule ilag.

Du finn oss ved enden av Vangsvatnet, ca 7 km frå Voss sentrum, langs Bergensbana på veg mot Bergen.

Me er ein femdelt skule der svært mange av elevane kjem frå gard.
I tillegg har me Bulken statlege mottak som til vanleg har elevar ved skulen. Skulen er også mottaksskule i Voss kommune. Elevar frå heile Voss kjem til oss for å få særskild norskundervisning.

Til saman er me ein stor, flott gjeng, - ikkje ein for mykje. Og me har plass til fleire.

Me tykkjer me har fått ein fin og koseleg skule ut av få og enkle midlar. Utemiljøet er ikkje stort , men funksjonelt. Vatn, elv, skog og fjell er blitt ein del av kvardagen .

I fjor inngjekk elevar, foreldre og lærarar ein samarbeidsavtale som er fundamentet til korleis me skal vera med kvarandre på Bulken skule. Me har eit svært godt samarbeid noko som synes att i samlingane våre "skule for liten og stor" - med samver, song og elevopptreden.

Skuleåret 2011/2012 skal Voss kommune satsa på ny digital læringsplattform og innføra antimobbeprogrammet Zero. Bulken skule har gode føremoner i dette arbeidet.

Har du lyst å vita meir om skulen vår, ta kontakt.


Kontaktinformasjon
Bulken skule
Rekvesvegen 94
5700 Voss
Telefon 56514219
Faks 56518992
SFO 56513132
E-post: bulken.skule@voss.kommune.no

Rektor: Svein Mykkeltvedt

Publisert av Per Backer. Sist endra 09.08.2012
   
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no