Bordalen strekkjer seg frå Vossevangen og rett sørover mot Ålvik i Hardanger. Bordalen skule ligg midt i Bordalen 7 km. Frå Vangen. Elevane kjem frå Græe og Rode i nord til Rong i sør. Skulen ligg i eit jordbruksmiljø. Vi har eit flott utmarks- og skogsområde like ved skulen. Dette området nyttar skulen mykje heile året. Og kvar haust startar me skuleåret med ein felles fjelltur for alle elevane. Gjerne på stølen til nokon som går på skulen.
Det har vore skulehus på Bjørnshovden sidan 1884. Skulen i dag er frå 1957 og sidan påbygd i 1981.
I februar 2001 flytta barnehagen, som er privat, inn i skulen. Dei held til i sokkeletasjen. Barnehagen er open kvar dag, medan SFO har ope fire dagar i veka, måndag, tysdag torsdag og fredag frå skuleslutt til kl 16.15.
5.-7. klasse fylgjer eigne årsplanar i KRL, samfunnsfag og natur og miljøfag. Dette er rullerande 3-årsplanar med emne frå 5., 6. og 7. årssteg i læreplanen.
Kontaktinformasjon
Bordalen skule
Bjørnshovden 19
5700 Voss
Telefon 56514917
E-post: bordalen.skule@voss.kommune.no
Rektor: Arnstein Ringheim