Inn på tunet, garden som lærestad

Logo Inn på tunet

"Inn på Tunet ,garden som lærestad" er eit kommunalt undervisningstilbod til grunnskulane i Voss kommune. Tilbodet starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Voss kommune, UMB på Ås og Valborg Kløve-Graue, og vart drive delvis kommunalt / privat. I 2007 vart Inn på tunet  heilt kommunalt etter eit politisk vedtak, og alle skulane i kommunen står no fritt til å nytta seg av tilbodet.

Undervisninga er såleis ein del av det ordinære undervisningstilbodet i kommunen.  Skuleåret 2010/11 er det 11 skular som deltek. Skulane må  koste skyssen sjølve.
Økoløftet har gjeve midlar til Inn på tunet.

Inn på tunet har dette skuleåret tilsett lærar i 75 % stilling, og tilsvarande assistentstilling.  Janne Rosenberg Olsen og Valborg Kløve Graue  er undervisningsansvarlege, medan Astrid Lirhus er assistent.

Inn på Tunet held til på Voss Jordbruksskule der kommunen leiger eit husvære i tilknyting til skulehagen. Her føregår undervisninga i vintermånadane

Uteundervisninga har base i rammeverket av eit tidlegare drivhus, der elevane og lærarane frå dei ulike skulane har laga til ein vakker urte-, bær-, blome- og frukthage innimellom det gamle reisverket. Her er det samling rundt bålet som oppstart og avslutning på kvar undervisningsdag, og her føregår også all matlaging med utprøving av oppskrifter basert på ville og dyrka vekstar som elevane haustar inn. Inn på tunet har også tilgang til å bruka oppvarma drivhus til oppal av plantar til skulehagen, og 1,5 mål jord. Til nokre av temadagane får dei nytta fjøset, stallen og ridehallen ved Voss jordbruksskule. Inn på tunet har sine eigne kaniner.

Undervisningstilbodet er delt inn i eit haust og eit vårsemester.

Som ein raud tråd gjennom all undervisninga ligg at alt arbeid har si tid. Elevane fylgjer årssyklus i plante og dyrelivet på garden og i hagen og knyter det opp til lokale og globale handverks- og matlagingstradisjonar som også er årstidstilpassa. I følgje den generelle delen av kunnskapsløftet skal skulen vere ein aktiv og levande kulturinstitusjon. Vidare skal skulen dra nytte av nærmiljøet og lokalsamfunnet for å eksemplifisere, konkretisere og utfylle læreplanane for faga. Inn på tunet kan vere ein god reiskap for å nå desse måla.

Tilbakemeldingane frå elevane og lærarane fortel kor viktig desse dagane er for klassemiljøet, og for å gje elevane ei felles referanserama gjennom praktisk arbeid..
Inn på Tunet er og ein av aktørane i Økoløft-satsinga til Voss kommune. Målet er å gje elevane gode opplevingar og læring gjennom praktisk arbeid og medverknad i eit økologisk miljø.

Våren 2011 skal Jordbruksskulen starta bygginga av ny vidaregåande skule. Inn på tunet er difor spente på korleis tilbodet vert framover.

Verksemda  er administrert frå Skulestad skule.

Publisert av Per Backer. Ansvarleg Alida Djuve. Sist endra 18.02.2011
   

Søk

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Kontaktinformasjon

Voss kommune Uttrågata 9 Boks 145
5701 Voss
Telefon
: 56519400

Org.nr.
: 960510542
Kontonr.
: 3201 46 70954
Kommunenr.
: 1235

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF

Eksterne lekkjer

Vakttelefon Tekniske tenester
Vakttelefon Tekniske tenester
VisitVoss
Bedrekommune
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no