Kommuneplanen er den overordna planen for Voss kommune og omhandlar vesentlege sider ved den kommunale aktiviteten innan ulike sektorar. Den inneheld ein tekstdel med handlingsprogram og ein bindande arealdel med kart som viser noverande og framtidig arealbruk i kommunen. Planprogrammet gjer greie for føremålet med planarbeidet, planprosess og kva tema som vil få spesiell fokus ved rulleringa.
Alle merknader til planprogram skal vera skriftlege og sendast;
Voss kommune, Pb.145, 5701 Voss el. E-postadr.; postmottak@Voss.kommune.no
Frist for merknader er sett til 24 mai 2013.
Høyringsutkast til planprogram for rulleiring av kommuneplan for Voss 2015- 2026
Vedtak og saksutgreiing i FPL-sak 17/13
--------------------------------------------------------------------------------------------
Kommuneplanen for perioden 2011-2022
I medhald av § 11-1 i plan - og bygningslova vedtok Voss kommunestyre i møte 16 juni 2011 Kommuneplanen for 2011-2022. Dei ulike plandokumenta er no retta opp i samsvar med vedtaket.
Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan. Tekstdelen er retningsgjevande og gjer greie for kommunen sin politikk og prioriteringar i planperioden, medan arealdelen er bindande og viser korleis areala i kommunen skal nyttast. I tekstdelen er det utarbeida eit handlingsprogram som prioriterer tiltak dei fyrste fire åra i planperioden. Dette utgjer grunnlaget for arbeidet med kommunen sin økonomiplan og årsbudsjett.
Kommuneplanen vert rullert kvart fjerde år.