Dei kommunale logopedane dekker heile spekteret frå barnehage til gamle. Alle borna som blir jobba med, er først tilviste PPT. PPT sender deretter aktuelle saker vidare til kommunal logoped, som arbeider med desse borna så lenge det trengst. Arbeidet omfattar alle typar språkvanskar, både spesielle og meir generelle. Ganske vanleg er uttalevanskar, men både forseinka språkutvikling, stamming, stemmeproblem o.l. høyrer med.
Dei vaksne/gamle er ofte slagpasientar på sjukehuset, institusjonar eller i heimen. Desse kan ha fått afasi etter hjerneskade. Men også andre vanskar dukkar opp, slik som skadar etter alvorlege ulukker, stemmevanskar, stamming, lese-og skrivevanskar m.m.
Ein del av arbeidet føregår på logopedkontoret, men elles er spesialpedagogane med logopedi å finna rundt i barnehagar, på skular, på sjukehuset og institusjonar og i heimar.
Kommunal logopedi høyrer organisatorisk inn under Vaksenopplæring og logopedi.
Kontaktinformasjon
Kommunal logoped
Evangervegen 6
5700 Voss
Telefon 56519487
E-post: kari.brunborg@voss.kommune.no