Om å søkja stilling i Voss kommune

Les denne artikkelen før du går vidare!

  • Me oppfordrar deg til å søkja på nettet.
  • Vel søknadskjemaet nedanfor og fyll ut!
  • Skriv i rubrikken kortfatta søknad kva stillingsstorleik du ynskjer. Bruk nytt skjema for kvar stilling du søkjer.

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkja.

Attesterte kopiar av vitnemål og attestar må sendast i posten til ...

Voss kommune
Postboks 145
5701 Voss


For å kunna skriva ut søknaden når ein er ferdig å fylla ut skjemaet, må ein ha programmet Adobe Reader. Adobe Reader kan lastast ned ved å klikka på lekkja nedanfor .

Ledige stillingar
Informasjon Publisert 16.05.2013

Stillingsnummer 13/389

I Voss kommune vert det frå 1.10 2013 ledig driftsavtale i form av nedtrapping etter punkt 9. i ASA 4313. Driftsavtalen er 100%, men overdraginga gjeld 50% i første omgang. Det føreligg nedtrappingsplan med full overdraging frå 1.10 2016. Avtrappande fysioterapeut er open for forkorting av totalperioden eller endring av datoar etter tingingar.
Avtalen er lokaliser til Sentrum fysioterapi der det er 2,4 driftsavtalar, og den som vert tildelt avtalen må kjøpa seg inn i instituttet..

Informasjon Publisert 16.05.2013

Ved Vetleflaten omsorgssenter er det ledige vikariat for sjukepleiar og ledig faste stillingar for hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar i ulike stillingstorleiker.

Stillingnummer:

· 13/637: 80% stilling for sjukepleiar, svangerskapsvikariat frå medio august

· 13/638: 80% stilling for sjukepleiar natt, sjukevikariat med mogelegheit for fast tilsetting, ledig frå no

· 13/636: 20% stilling for helsefagarbeidar/assistent natt, primært helg frå 01.08.2013

· 13/635: 70% stilling for helsefagarbeidar på avdeling for personer med demens frå 01.07.2013

• 13/634: 50% stilling for helsefagarbeidar frå 01.09.2013

Informasjon Publisert 08.05.2013

Lekvebakken Bufellesskap er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med omfattande hjelpebehov. Me legg stor vekt på aktivitet og sansestimuli. Alle bebuarane har eigne bustader, bufellesskapet har også to fellesareal.

Stillingsnr 13/378
2 still. Natt, aktiv-passiv-aktiv for helsefagarbeidar/hjelpepleiar frå snarast, mellom 17-27% stilling, kan tilpassast.

Stillingsnr. 13/379
2 helgestillingar, kvar 2. helg 18,9 og 20,19 for hjelpepleiar/helsefagarbeidar.

Stillingsnr. 13/568
100% stilling for vernepleiar/sjukepleiar i fast stilling i langturnus frå august 2013. Stillinga er delt mellom bufellesskapet og vakter i heimetenesta sone vest.

Informasjon Publisert 08.05.2013

Stillingsnr. 13/594

Det er ledig stilling som reinhaldar ved Bordalen skule frå 01.08.2013. Stillinga er på 3,25 timar per dag på skuledagar, 41,5 % stilling. Stillinga har eit avkorta arbeidsår og er difor gjennomsnittsrekna på årsbasis.

Informasjon Publisert 08.05.2013

Stillingsnummer 13/565
Det er ledig vikariat i inntil 100 % undervisningsstilling i tida 01.08.13 - 31.07.14, og med tenestestad Vangen skule.

Fag- kompetansekrav: Allmenn- eller førskulelærar.

Det blir truleg lagt kontaktlæraransvar til vikariatet. Det er ynskje om godt kunnskap om IKT og læringsplattforma it`s learning.

Informasjon Publisert 03.05.2013

Barnevernet i Voss kommune består av; barneverntenesta, Voss familiesenter og
EM-tiltaket. Barneverntenesta er organisert i eit mottak /undersøkingsteam og eit tiltaksteam. Følgjande stillingar er nå ledig hjå barneverntenesta:

Informasjon Publisert 03.05.2013

Stillingsnr. 13/531

Barnevernet i Voss kommune består av; barneverntenesta, Voss familiesenter og
EM-tiltaket. Barneverntenesta satsar på hjelpetiltak til barn, unge og deira føresette i heim og nærmiljø. Voss familiesenter er ei slik heimebasert teneste for familiar med born frå 0-18 år.

Informasjon Publisert 03.05.2013

Stillingsnummer 13/486   

Det er ledig ca. 32 % undervisningsstilling i spansk, og med tenestestad Voss ungdomsskule frå 01.08.13.

Fag- kompetansekrav for fast tilsetjing: Allmenn- eller faglærar med spansk.

Den som vert tilsett i stillinga må vera strukturert, fleksibel, løysings- og utviklingsorientert, og ha erfaring frå liknande arbeid.

Informasjon Publisert 03.05.2013

Teneste for støttekontaktar og treningskontakar søkjar etter personar som har tid til overs til å hjelpe andre med å gjøre fritidsaktivitetar i lag. Vi søkjar etter treningskontaktar, personar som kan spela sjakk og personar som likar å vera ute på tur.
Ta kontakt med koordinator for støttekontaktar og treningskontaktar, tlf.48014573 myrna.dral@voss.kommune.no

   

Søk

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Kontaktinformasjon

Voss kommune Uttrågata 9 Boks 145
5701 Voss
Telefon
: 56519400

Org.nr.
: 960510542
Kontonr.
: 3201 46 70954
Kommunenr.
: 1235

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF

Eksterne lekkjer

Vakttelefon Tekniske tenester
Vakttelefon Tekniske tenester
VisitVoss
Bedrekommune
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no