Kommunal vigsel

Vigsel (2).jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsla brudepar. På Voss er det ordførar Hans-Erik Ringkjøb, varaordførar Sigbjørn Hauge, rådmann Einar Hauge og kommunalsjef Else Berit Kyte som har mynde til å vigsla. 

Voss kommune har lagt til rette for gjennomføring av seremonien innanfor arbeidstid på Voss tinghus, men det er òg opna opp for andre ynskje. Ta kontakt med oss i god tid for å finna ut kva som er mogleg å få til. 

 

 

 

 

Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vera på plass for at ein skal kunna gifta seg.Les meir i desse lenkjene:

Retningsliner for kommunal vigsel (PDF, 423 kB)

Ekteskapslova

Forskrift om kommunale vigslar

 

Vilkår

For å kunna gifta seg, må Skatteetaten sjå til at brudeparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Difor må ein del dokument sendast inn og verte handsama av Skatteetaten. Sakshandsaminga tek to-tre veker, så ein må vera ute i god tid. Dokumenta som må sendast inn er:

Eigenerklæring

Forlovarerklæring

Erklæring om skifte dersom du har vore gift før

Melding om endring av namn dersom du skal skal endra namn

Alle dokumenta finn du på nettsidene til SkatteetatenPå grunnlag av dette skriv Skatteetaten ut prøvingsattest, som viser at paret stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten må visast fram før vigselen, og attesten kan ikkje vera eldre enn fire månader.

Under vigslinga må de vera til stades to vitne, desse kan vera forlovarane. Både brudepar, vitne og forlovarar må ha med gyldig legitimasjon.

Om dei som skal gifta seg er utanlandske statsborgarar må dei dokumentera lovleg opphald i Noreg på tidspunkt for vigsling. Utanlandske statsborgarar må òg senda prøvingsattesten ein dag på førehand. 

 

Seremoni

Ved vigsling på Voss tinghus held kommunen eigna lokale. Her er det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Ønskjer ein pynt utover dette, må brudeparet sjølve stå for det. Om det skal vera kulturelle innslag under sjølve vigslinga, må de melda frå om dette på førehand. 

Dersom brudeparet ynskjer å gifta seg andre stader enn på Voss tinghus, må brudeparet sjølv syta for lokale og alle eventuelle løyve som må vera på plass. Tid og stad utanom Voss tinghus må avtalast med vedkomande som skal stå for vigslinga. 

Sjølve vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren les "Det borgarlege vigselsformularet".  Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får attest frå Folkeregisteret.

 

Kostnad

Vigsling måndag til fredag mellom kl. 10.00-15.30 på Voss tinghus (eventuelt ute like ved Tinghuset), er gratis for brudepar busett på Voss. Om vigselen skal skje til andre stader og tider, må brudeparet betala ein fast sum på kr 2500,- som dekker løn, reise og andre kostnadar kommunen har. Om det er behov for tolk, er dette noko brudeparet må dekka.

For brudepar som ikkje er busett på Voss kostar vigsel innanfor ordinær arbeidstid 1000,-. Betaling gjennom Vipps, søk etter Voss kommune, og klikk på kommunal vigsel for betaling. 

Eventuelle løyve som må på plass ved vigsling ute, må brudeparet sjølve stå for. Tinging og kostandar til lokale, pynt og eventuelle kulturelle innslag må også organiserast og betalast av brudeparet.

Kontakt

Om du ønskjer å gifta deg på Voss, send oss ein e-post til adresse postmottak@voss.kommune.no der du skriv:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brudeparet
  • Kva dato de ynskjer å gifta dykk
  • Kven de ynskjer skal stå for vigslinga
  • Om de ynskjer seremonien i Voss tinghus, eller andre stader
Sist endra 03.01.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering