Motorferdsle i utmark

 

Søknad om løyve til å nytta motorkøyretøy i utmark

Alle som ønskjer å nytta motorkøyretøy, inklusiv snøscooter, i utmark, må ha løyve frå kommunen. I tillegg må ein ha løyve frå grunneigar, dersom ein ikkje sjølv eig grunnen ein skal køyre på.  Løyvet frå grunneigar skal liggje ved søknad.

Unnateke frå kravet om kommunalt løyve er køyring som er direkte heimla i § 4 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og i § 2 og § 3 i forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag.

Søknad om å nytta motorkøyretøy i utmark skal fremjast på elektronisk søknadskjema eller ein kan få papirskjema i Servicetorget.

Klagerett Ifylgje lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.06.1977 § 6, og forvaltningslova sine reglar, kan vedtaket påklagast innan 3 veker etter at klagaren er gjort kjend med vedtaket.
Klage skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast via rådmannen i Voss. 
Sist endra 18.10.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering