Feiing og tilsyn av fritidsbustader

Pipebrann - Klikk for stort bilete

Tidlegare var det opp til kvar kommune om feiing og tilsyn skulle gjelda fritidsbustad eller ikkje. Ny forskrift pålegg no kommune å feia alle hus og hytter som har eldstad.

Voss kommune har i dag omlag 3200 hytter og fritidsbustader, noko som gjer at talet på pipar som skal feiast aukar til 7500. Det gjer at Voss brannvern må tilsetja to nye feiarar for å fylgja opp den nye forskrifta. Finansiering av dette vil vera gjennom endring av feieavgift for eigarar av fritidsbustader.

 

Voss brannvern sender ut melding om feiing til mange fritidsbustadar, men grunna fleire leilegheiter som er registrert på same gnr. og bnr. får alle som gar dette nummer får eit varsel om feiing og tilsyn. Dei som ikkje har fyringsanlegg kan sjå vekk frå denne sms. Dei vert ikkje belasta for tenesta.

 

Bakgrunn

F.o.m. 01.01.16 vart ny forskrift om brannforebygging gjeldande. § 17 i denne forskrifta seier m.a. fylgjande:

 

«Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov.»

«Kommunen skal sørge for at det ved behov blir utført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk.»

 

Med bakgrunn i dette vil Voss kommune starta opp med tilsyn og feiing på fritidsbustader. Dette arbeidet vil starta opp i 2017. Vår målsetjing er at denne tenesta skal vere med på å halde brannsikkerheita i fritidsbustader på eit høgt nivå.
 

Kva vert utført

Gjennom eit tilsyn vert heile fyringsanlegget (eldstad og skorstein) kontrollert. Etter behov vert røykkanal feia.

I tillegg til feiing og tilsyn med fyringsanlegg, vil det også verte lagt stor vekt på brannforebyggande informasjon om t.d. røykvarslarar, rømning, sløkkjeutstyr og rett fyring.
 

Kva kostar tenesta

Feiing og tilsyn baserer seg på sjølvkostprinsippet, og på Voss vil gebyr for fritidsbustader vere tilsvarande som for bustader. For 2017 utgjer dette kr 587,50. Gebyret vert fakturert saman med kommunale avgifter/ eigedomsskatt og fyrste gong med forfall 15.06.2017. Her vert ein fakturert for perioden 01.01.-31.08.2017.
 

Korleis

Tilsyn og feiing vert varsla på SMS. Eigar eller representant for eigar må vere tilstades på tilsyn og feiing.

 

Dersom hytta ikkje har eldstad/innstallert omn skal det meldast skriftleg til Voss kommune, på epost postmottak@voss.kommune.no eller pr post til Postboks 145, 5701 Voss.

 

 


 

For meir informasjon: kontakt Voss Brannvern på tlf 56 51 94 00 eller epost feiar@voss.kommune.no

 

 

Sist endra 07.05.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering