Høyring om flaumsikring

tintro.jpg - Klikk for stort bilete Tor Halvorsen

Etter skadeflaumen i Vossavassdraget i 2014 har NVE saman med Voss kommune engasjert Multiconsult til å gjennomføra eit moglegheitsstudie der formålet er å visa tiltak som kan redusera skadar ved framtidige flaumar i vassdraget.

 

Moglegheitsstudiet lister opp totalt 19 tiltak i ulike deler av vassdraget. Omlag halvparten av tiltaka vert drøfta nærmare med omsyn til teknisk løysing, flaumdempande effekt, konsekvensar for samfunn og miljø og kostnader. Tiltaka som ikkje er nærmare utgreidd må knytast til svært avgrensa flaumdemping på sentrale elveavsnitt. Moglegheitsstudiet gjev ikkje tilrådingar for utgreidde tiltak, men skal danna grunnlag for vidare drøfting og utveljing mellom fagmynde og lokalsamfunn.

 

Både studien og alle vedlegg finn du i menyen til høgre, eller ved å klikka her (PDF, 10 MB).

Vedlegg A finn du her (PDF, 3 MB).

Vedlegg B finn du her (PDF, 12 MB).

Vedlegg C finn du her (PDF, 32 MB).

Vedlegg D finn du her (PDF, 139 kB).

 

Kommunestyret fekk i møtet 15. desember presentert studien frå Multiconsult, og vedtok å senda moglegheitsstudien på høyring, med høyringsfrist 15. januar. Innstillinga til kommunestyresaka finn du her.

Det betyr at alle som ynskjer å koma med innspel på korleis ein best kan sikra seg mot framtidige flaumar, kan spela dette inn til kommunen, på e-post postmottak@voss.kommune.no.

I menyen til høgre finn du innkomne svar på høyringa. Lista over svar vil bli oppdatert fortløpande.

 

 

Voss kommunestyre hadde 12. januar eit møte i Voss kulturhus, der einaste sak var vurdering av ulike flaumdempande tiltak. Dette var eit høyringsmøte der lag, organisasjonar og verksemder var invitert e til å halda innlegg om kva dei meiner kommunen bør arbeida vidare med. Ei rekkje innspel vart der lagt fram for politikarane. Innlegga er samla i filmenyen til høgre.

 

Kommunestyret vil i neste møte (16.2) ta stilling til kva tiltak ein bør arbeide vidare med.

Sist endra 19.01.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering