Feiing og tilsyn av fritidsbustader

Pipebrann - Klikk for stort bilete

 

Voss kommune har i desse dagar sendt ut kommunale krav, der hytteeeigarar for fyrste gong må betala feieavgift. Dersom hytta ikkje har eldstad/innstallert omn skal det meldast skriftleg til Voss kommune, på epost postmottak@voss.kommune.no eller pr post til Postboks 145, 5701 Voss. For å finna fritidseigedommen det gjeld, treng me gards- og bruksnummeret. Det er difor viktig at dette vert ført på.

Tidlegare var det opp til kvar kommune om feiing og tilsyn skulle gjelda fritidsbustad eller ikkje. Ny forskrift pålegg no kommune å feia alle hus og hytter som har eldstad.

Hytteeigarar i Voss har fått eit informasjonsskriv tidlegare, som du kan lesa ved å klikka her (PDF, 21 kB), eller i menyen til høgre.

 

Ofte stilte spørsmål om feiing og tilsyn på fritidseigedommar (PDF, 589 kB)

 

Voss kommune har i dag omlag 3200 hytter og fritidsbustader, noko som gjer at talet på pipar som skal feiast aukar til 7500. Det gjer at Voss brannvern må tilsetja to nye feiarar for å fylgja opp den nye forskrifta. Finansiering av dette vil vera gjennom endring av feieavgift for eigarar av fritidsbustader.

Feiar skal ha trygge arbeidstilhøve ved feiing og tilsyn. Kva eventuelle tiltak som må på plass på den einskilde  fritidsbustad vil verta vurdert for kvart tilhøve. Eigar eller representant for eigar må vera til stades under feiing og tilsyn, også fordi det ligg ein stor informasjonsdel i arbeidet med feiing og tilsyn.

 

Voss brannvern starta opp med feiing og tilsyn av fritidsbustader i 2017. Eigarar vert kontakta på same måte som ved feiing av bustadhus.

For meir informasjon: kontakt Voss Brannvern på tlf 56 51 94 00 eller epost feiar@voss.kommune.no

 

 

Sist endra 24.05.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering