Kommuneplanen er ein overordna plan for Voss kommune. Planen gjev saman med statlige krav retningsliner, rammene til underliggjande kommunedelplanar.
Gjeldande kommuneplan vart vedteken av kommunestyret 29.03.2007 og er gjeld for perioden 2007-2018. Kommuneplanen vert rullert minst kvart 4 år. Planarbeidet vert leia av utval for plan og økonomi.
Kommunedelplanar tek opp spesielle tema eller omhandlar bestemte geografiske område.
Økonomiplanen skal med utgangpunkt i kommuneplanen og årsbudsjettet gje realistiske vurderingar av kommune sin samla inntekter og utgifter og synleggjera kva kommunen sine inntekter skal nyttast til i åra som kjem.
Reguleringplanar/arealplanar skal utarbeidast for dei områda i kommunen der det er bestemt i arealdelen av kommuneplanen at utbyggjing kan skje etter denne planen og for områder der det skal utførast større byggje -og anleggsarbeid.