I medhald av § 11-1 i plan - og bygningslova skal planen no rullerast for perioden 2011-2022 (jf. vedtak i FPL, sak 73/09). Som ein oppstart på planarbeidet er det utarbeida eit planprogram som gjer greie for planprosess, medverknad, viktige fokusområde m.m. ved den foreståande rulleringa.
Vedteke planprogram er utlagt i Servicetorget og på kommunen sine internettsider .
Både tekstdelen og kartdelen i gjeldande kommuneplan er tilgjengeleg på eigne filer (sjå under!)
Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan. Tekstdelen er retningsgjevande og gjer greie for kommunen sin politikk og prioriteringar i planperioden, medan arealdelen er bindande og viser korleis areala i kommunen skal nyttast. I tekstdelen er det utarbeida eit handlingsprogram som prioriterer tiltak dei fyrste fire åra i planperioden. Dette utgjer grunnlaget for arbeidet med kommunen sin økonomiplan og årsbudsjett.
Kommuneplanen vert rullert kvart fjerde år.