Naturmessig kan Voss by på eit mangfald av opplevingar både sommar og vinter:
- Fjellvandring
- Jakt og fiske
- Rafting og elvepadling
- Fjellkaltring
- Alle slags former på ski og snøbrett
- Luftsportsaktivitetar
Tettstaden Vossevangen fungerer som eit servicesenter for eit oppland med ca. 25 000 menneske. Dette gjev grunnlag for eit urbant fritidstilbod i form av konsertar og underhaldning, restaurantar, pubar og nattklubbar.
Når dessutan Bergen med sitt mangfald av opplevingsmoglegheiter ligg berre 1 times tid unna, medfører dette at folk som er busett på Voss, i uvanleg høg grad har fridom til å velja sin eigen personlege livsstil. Du kan bu på Voss og velja ei urban livsform;.... eller du kan velja ei landleg "i pakt med naturen"-livsform . Mange nyttar sjølvsagt denne valfridomen til å velja litt av begge delar.
Voss kan elles by på eit mangfald lokale organisasjonar innan kultur og idrett. I alt skal det finnast ca. 500 friviljuge lag/organisasjonar på Voss. Voss har over 40 idrettsorganisasjonar og eit mangfald idrettsanlegg.
Kulturlivet på Voss spenner over eit spekter bygd på tradisjon, bunad og hardingfele til jazz-klubb, kunstgalleri og symfoniorkester. For ikkje å gløyma dei mange ulike festivalane (sjå lekkjer under).