Utleige av bustader

Målgruppe:
Personar som av ulike grunnar må ha hjelp til å finna ein stad å bu, mellombels eller for lengre tid. Kommunen leigar ut bustader til unge i etableringsfasen, økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, einslege forsytarar, eldre og personar som er uføre av ulike årsaker.

Om bustadene:
Voss kommune disponerer i alt ca 20 bustader til utleige i ulike deler av bygda. Ledige husvære vert tildelte av bustadnemnda etter ei fagleg, skjønsmessig vurdering om kven som til ei kvar tid har mest bruk for bustad. I bustadnemnda er pleie- og omsorgsavdelinga, sosialavdelinga og bustadkontoret representert. Dei fleste bustadene vert leigd ut som gjennomgangsbustader, vanlegvis for 3 år, i nokre høve for kortare tid. Bustader utleigd til eldre, uføre samt omsorgsbustader vert utleige på ubestemt tid.

Lovheimel:
Lov om sosiale tenester §3-4
Husleigelova §11-1

Saksgang:

  • Du bør søkja på eige søknadsskjema som du får i Servicetorget, eller på Voss kommune sine nettsider. Der kan du og få rettleiing i utfylling av skjemaet og opplysningar om kvar kommunen har husvære, og om evt. ledige husvære
  • Sosialavdelinga eller pleie- og omsorgsavdelinga vert bede kartleggja behovet ditt for bustad
  • På bakgrunn av tilråding frå sosialavdelinga eller frå pleie- og omsorgsavdelinga vert søknaden teken opp i bustadnemnda
  • Det er ikkje klagerett på tildeling av kommunal bustad.
  • Det er klagerett på evt- vedtak om ikkje å godkjenna dykk som kommunal leigetakar
  • Når du får tildelt bustad, vil du få høve til å sjå bustaden før du svarar om du tek imot eller ikkje
  • Det vert så skrive leigeavtale som skal underskrivast. Det vert f.t. kravd 3 månaders depositum med utleige av bustad. Garanti vert godteke
  • Hugs å undersøkja om du kan ha rett til bustøtte!

    Ansvarleg teneste:
    Bustadkontoret i samarbeid med sosialavdelinga, pleie- og omsorgsavdelinga og bygg- og eigedomsavdeling)

Kontaktinformasjon:
Postboks 145
5701 VOSS
Tlf. 56 51 94 00
E-post: postmottak@voss.kommune.no

Leiar: Berly Mjøs Giljarhus
Telefon: 56519416

Publisert av Per Backer. Sist endra 30.03.2011
   
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no