Kvar har vi ledige tomter?
Voss kommune har ledige tomter fleire stader i kommunen.
- Bolstad
- Evanger
- Vinje
- Urdland
Lovheimel:
Det er ikkje fastsett ved lov at kommunar skal tilretteleggja og selja tomter, men det fylgjer av rollefordelinga mellom stat og kommune i bustadpolitikken at kommunane skal tilretteleggja for bustadbygging.
Saksgang
- I Servicetorget, Tinghuset får du oversikt over kva tomter som til ei kvar tid er ledig, samt informasjon om prisar og salsvilkår. Her kan du og så kartutsnitt over tomta
- Her får du og søknadsskjema, og rettleiing til å fylla ut skjemaet
- På bakgrunn av søknaden får du skriftleg tilbakemelding om du får tildelt tomta
- Du får 2 månader svarfrist om du tek imot tomta eller ikkje
- Dersom du gjev positiv tilbakemelding, vert skøyte på tomta skrive ut. Dette vert utlevert mot betaling av tomteprisen samt oppmålingsgebyr og tinglysing av målebrev. Målebrevet vert utlevert saman med skøyte.
- Du får ny 2 månaders frist før skøyte må hentast ut
Tenesteerklæring
”Vi lovar...
- å gje deg høve til samtale med sakshandsamar på bustadkontoret, servicetorget og teknisk kontor i høve tomta
- å gje skrivtleg svar på søknaden innan fire veker"
Ansvarleg teneste: Bustadkontoret i samarbeid med servicetorget og teknisk kontor.
Kontaktinformasjon
Postboks 145
5701 VOSS
Tlf. 56 51 94 00
E-post: postmottak@voss.kommune.no
Leiar: Berly Giljarhus
Telefon 56519416