UHV er eit rusfritt tilbod, og vert drifta av eit styre på 5-7 medlemmar. Nytt styre vert valt av ungdommane sjølve kvar haust. Det er imidlertid eit ynskje at 2-3 medlemmar "vert med over" kvart år, slik at det alltid er røynde personar med i styre.
Det er ein ungdomskoordinator/vaksenkontakt knytt til UHV. Ungdomskoordinator er bindelekk mellom ungdommen og kommunen, samt held kontakt/tilsyn med huset.
UHV er fyrst og fremst ein uformell møtestad for ungdommane, men utover dette har me fleire aktivitetar å by på (filmkveld, diverse dataspel, sandvolleyball i sesongen). Aktivitetane kan variera noko etter interesse/ynskje, og det er høve til å koma med ynskje om nye aktivitetar. Ei kafédrift med sal av vaflar, pizza, kaffi og saft, er under etablering.
UHV har eiga gruppe på Facebook, der beskjedar, hendingar, aktivitetar osb vert oppdatert jamleg.