Frå naturen si side byr Voss på eit mangfald av opplevingsmoglegheiter både sommar og vinter:
- Fjellvandring
- Jakt og Fiske
- Rafting og elvepadling
- Fjellklatring
- Alle slags former på ski- og snøbrettaktivitetar
- Luftsportsaktivitetar
Tettstaden Vossevangen (kart) fungerer som eit servicesenter for eit oppland med ca. 25000 menneske. Dette gjev grunnlag for eit urbant fritidstilbod i form av konsertar og underhaldning, restaurantar, pubar og nattklubbar.
Når dessutan Bergen med sitt mangfald av opplevingsmoglegheiter ligg berre ein times tid unna, medfører dette at folk som er busett på Voss, i uvanleg høg grad har fridom til å velja sin eigen personlege livsstil. Du kan bu på Voss og velja ei urban livsform;.... eller du kan velja ei rural- "i pakt med naturen" -livsform . Mange nyttar sjølvsagt denne valfridomen til å velja litt av begge delar.
Voss kan elles by på eit mangfald lokale organisasjonar innan kultur og idrett. I alt skal det finnast ca. 500 frivilige lag og organisasjonar på Voss. Voss har over 40 idrettsorganisasjonar og eit mangfald idrettsanlegg. Kulturlivet på Voss spenner frå eit spekter bygd på tradisjon, bunad og hardingfele til jazz-klubb, kunstgalleri og symfoniorkester. For ikkje å gløyma dei mange ulike festivalane.