Samfunnsplanlegging

Målet med samfunnsplanlegging er å få til ei bærekraftig utvikling for samfunnet og framtidige generasjonar. Planlegging etter plan- og bygningslova skal vera med å samordna statlege, regionale og kommunale oppgåver og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar og areal.

Alle kommunar skal gjennom kommuneplanen gjennomføra planlegging med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga i kommunen.

Kommuneplanen består av ein tekstdel  ( samfunnsdel) og ein arealdel ( kartdel), og dei to delane har ulike funksjonar. Tekstdelen gjer uttrykk for visjonar og overordna mål for lokalsamfunnet og peiker på oppgåver som bør prioriterast. Denne delen gjeld for 12 år og skal ta omsyn til samfunnsmessige endringar som kan skje i løpet av desse åra.

Arealdelen viser ( på kart) korleis dei ulike areala i kommunen skal nyttast Til plankarta er det knyta  tilhøyrande føresegner ( juridisk bindande ) og retningsliner.

Kommuneplanen skal rullerast  kvart 4. år. Rulleringa av Voss kommune sin kommuneplan er no i sluttfasen. Link til kommuneplansidene.

Det kan utarbeidast meir detaljerte kommunedelplanar for ulike tema eller geografiske område.

Reguleringsplan er ein arealplan med tilhøyrande føresegner som i detalj seier kva føremål dei ulike områda skal nyttast til.

Under kunngjeringar ligg planar som er ute til høyring og offentleg ettersyn.

Alle kan  gje innspel/merknad til desse planane. Informasjon om planane og høyringsfristar finn ein på kommunen sine heimesider.

 
Publisert av Per Backer. Sist endra 03.03.2011
   
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no