Idrett og friluftsliv

Naturen i heile Vossaregionen byr på gode naturopplevingar både sommar og vinter.

Idrettsmiljøet i Voss er aktivt og har stor breidde. Voss har fostra mange kjende idrettskvinner- og menn i ulike idrettsgreiner. Fleire av desse har vorte verdsmeistrar og olympiske meistrar.

I Voss er det ei rekkje idrettsanlegg spreidd ut over heile kommunen. Ein kan nemna Voss ski- og tursenter, Årmotslia skisenter, Voss Resort, Myrkdalen Fjellheisar, Voss idrettshall og idretts- og fotballbanene nær denne for å nemna dei mest kjende. Elles finst det idrettsbaner, ballbingar, hoppbakkar og anna over heile kommunen.

Fiske

I Voss kan ein fiska i elvar og vatn som finst i rikt mon både i låglandet og i fjellområda.
Vossalaksen er ein truga art. Voss Klekkeri har til oppgåve å ta vare på genmaterialet og elles gjera viktig kultiveringsarbeid.

Du kan lesa meir om fiske her.

Jakt

Alle nye jegarar må ha greidd jegerprøva. 

Les meir om vilt, småviltjakt og motorferdsle i utmark.


Turlag

Voss Utferdslag har eit variert turprogram for både born og vaksne.

 
Publisert av Per Backer. Sist endra 17.03.2011
   
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no