Barnehagane i Voss
Vi vil tilby alle småbarnsforeldre eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Det gjer vi gjennom mangfaldet av kommunale og private barnehagar som er i kommunen.
Grunnskulane i Voss
Voss kommune har 14 skular spreidd over heile kommunen. Skulane varierer i storleik. Dei fleste grendeskulane er fådelte. I og rundt sentrum er dei fleste skulane fulldelte.
Kommunen har ein rein ungdomsskule, Voss ungdomsskule, med rundt 480 elevar. Dessutan har kommunen to kombinerte skular: Sundve skule og Evanger barne- og ungdomsskule.
Barneskulane har SFO og leksehjelp for 1. - 4. klasse. Skulane har ein godt kvalifisert lærarstab.
SFO
Skolefritidsordninga er eit tilbod før og etter skoletid til barn i 1. til 4. klasse og for barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.
Barnevern
Barneverntenesta samarbeider tett med andre instansar som skule, barnehage, politi, barnepsykiatrisk osv, til beste for barnet.
PPT
Den pedagogisk psykologiske tenesta skal saman med andre rettleiingstenester i barnehage og skule hjelpa barn og unge, foreldra og personalet med å utvikla gode læringsvilkår for barn og unge som treng hjelp.
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta skal vera tilgjengeleg for alle born og unge i grunnskule og vidaregåande skule i Voss kommune og for dei føresette.
Helsestasjonen
Helsestasjonen har tilbod til alle familiar som ventar barn og familiar med barn i alderen 0-5 år. Tilbodet er gratis. På helsestasjonen arbeidar helsesøster, lege, fysioterapeut og jordmor.