Støttekontakttenesta

Teneste for støttekontaktar og treningskontaktar er underlagt Pleie og omsorg. Tenesta er eit tiltak som etter Sosialtenestelova pliktar kommunen til å ha et tilbod om teneste.

Du kan søkja om støttekontakt viss du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller koma ut av ein isolert situasjon. Støttekontakten tilbyr mellom anna sosialt samvær etter behov og kan vera med til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet er basert på ønskje frå den einskilde brukaren sine ønskje, behov og føresetnader.

Tenesta kan organiserast på tre måtar:

  • Individuell støttekontakt
  • Deltaking i ei aktivitetsgruppe
  • Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon

Målgruppe:
Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.

Du kan bli støttekontakt ved å fylla ut søknadsskjema eller ved å ta kontakt med koordinator for støttekontaktar.

Tlf.48014573
E-post: myrna.dral@voss.kommune.no

Publisert av Arvid Birkeland. Sist endra 23.05.2012
   
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no