Voss bibliotek
   

Boka Kjem

Leselyst

Boka Kjem er eit tilbod retta mot eldre og uføre. Etter avtale kjem ein av dei tilsette på heimebesøk ein gong kvar 4. veke.

Publisert av Marianne Bakketun. Sist endra 06.01.2011

Ynskjer då å få besøk av Boka Kjem, tek du kontakt med
Voss bibliotek ved Marianne Bakketun, tlf 56 51 94 73. 
Boka Kjem kan koma måndagar på føremiddag eller ettermiddag i månadane sept - mai.

Du kan koma med "ynskjeliste" eller du kan velge i eit utval på 8-10 bøker kvar gong. Det er greitt å få vita kva type bøker du likar, slik som krim, bygdeforteljingar, biografiar eller kanskje reiseskildringar? Biblioteket har også ein del bøker innlese på kassettar eller CDar. Balar du med synet, er det også råd å låne "Storskriftbøker".

 

 

   

Navigasjon

Kontaktinformasjon

Voss bibliotek Voss kulturhus Evangervegen 6
5704 Voss
E-post : voss@voss.folkebibl.no
Telefon
: 56 51 94 70

Kommunenr.
: 1235
Opningstid
: Månd, onsd og fred 10-16, tysd og torsd 10-19, laurd 10-14

Lenkjer for born

Levert av ACOS AS