Opningstid:
10.00 – 15.00.
Målgruppe
Flyktningar som vert busett i kommunen i samråd med IMDI, og familiesameinte med desse.
Bakgrunn
Voss kommune har ei lang og god historie med busetjing av flyktningar som har fått opphaldsløyve i Noreg, og som skal reetablerast i norske lokalsamfunn. Frå dei første flyktningane vart busett sommaren 1987, har kommunen i samarbeid med staten sytt for ein ny start for nær 340 personar frå ulike konfliktområde i verda.
Kommunen har for perioden 2008-2011 gjort vedtak om å busetja 100 flyktningar på oppdrag frå IMDI, dvs. ca 25 flyktningar pr. år inkl einsleg mindreårige.
Pr. mai 2010 bur det ca. 200 personar i kommunen med flyktningbakgrunn. Av disse er vel halvparten innafor integreringsperioden, dvs. at dei har budd her mindre enn 5 år og har tilbod om oppfølging frå flyktningkontoret.
Om flyktningtenesta
Flyktningtenesta har p. d. 3,4 stillingsheimlar fordelt på 4 tilsette.
Mellom våre oppgåver er
• planlegging og gjennomføring av mottak ihht. gjeldande vedtak
• praktisk tilrettelegging, oppfølging og sakshandsaming i busetjingsfasen
• planlegging og koordinering av introduksjonsprogram, sakshandsaming etter Lov om introduksjonsordning
• tolkeformidling
• tilrettelegging av aktivitetar for å letta integrering i lokalsamfunnet
Om busetjing av flyktningar
Kravet for å verta busett i ein kommune er at ein har fått godkjent opphald, anten med politisk asyl, eller med opphald på humanitært grunnlag, eller vert familiesameint med ein med slikt opphald.
Når flyktningane vert busett på Voss, får dei naudsynt hjelp med etableringa, og ei ventestønad som dekkjer livsopphald, husleige og straum samt naudsynte utgifter til helse. Innan tre månadar har dei plikt og rett til å starta på eit kvalifiseringsprogram gjennom introduksjonsordninga. Målet med dette er å læra norsk språk og samfunnsfag, i tillegg til andre tiltak som skal gjera dei kvalifiserte for ordinært arbeid eller utdanning. Døme på dette kan vera grunnskuleopplæring, språk- eller arbeidspraksis m.m. Dette programmet går over 2 år, og følgjer vanlege reglar frå arbeidslivet m.o.t. ferie, sjukefråvere, rett til permisjon ved fødsel osb.
Så lenge flyktningane deltek i programmet, får dei utbetalt ei månadleg introduksjonsløn som tilsvarar 2 x grunnbelaupet i folketrygda, med trekk for skatt og evt. ugyldig fråver. Dei skal då dekka alle sine utgifter sjølv.
Flyktningane har dei same rettane som befolkninga elles m.o.t. sosiale tenester, bustønad, skulegong, oppfølging frå NAV m.m.
Gjennom introduksjonsprogrammet er det eit mål at flyktningane snarast mogeleg skal verta i stand til å klara seg sjølv, så vel økonomisk som m.o.t. integrering i det norske samfunnet.
Om dei som er busett
Dei største nasjonalitetsgruppene innan integreringsperioden på Voss er flyktningar frå Somalia, Eritrea og Irak. I 2010 vert det i hovedsak busett eritrearar. I gruppa finn ein eit bredt spekter av bakgrunnar, frå folk med undervisningsbakgrunn frå universitet, via sjukepleiarar til analfabetar med liten skule- og arbeidsrøynsle. Felles for dei alle er likevel trong for å læra om norsk samfunn- og arbeidsliv.
Nær tredjeparten av dei busette er born, som til likes med andre jamnaldrande går på skule eller i barnehage i sitt nærmiljø. Dette er ei sårbar gruppe som har stor trong for ro og ein ”normal” kvardag, anten dei har bak seg lange opphald i statlege mottak eller kjem direkte frå konfliktsoner i utlandet.
Kontaktinformasjon:
Flyktningtenesta held til på NAV-kontoret i Tinghuset.
Besøksadr.: Tinghuset, Uttrågt. 9
Postadr.: NAV Voss, boks 143, 5701 Voss
Tlf.: 815 81 000
Epost: nav.voss@nav.no
Fagleg leiar: Stig O. Sæthre