Det er kommunehelsetenestelova og sosialteneste lova som styrer aktiviteten. Kvalitetsforskrifta set føringer på kva kvalitet tenestene skal ha.
Pleie og omsorg heimetenesta har felles telefon, 56514600.
Alle tenester som pleie og omsorg tilbyr, må søkjast på. Det er oppretta eit eige forvaltningskontor som mottek søknadane og fattar vedtak.
Avdelinga har ansvar for tre sjukeheimar og ein aldersheim.
Heimetenesta er delt inn i 3 geografiske områder (sone Vest, sone Aust og Vossestrand) med kvar sin leiar. Det er adressa (veg-namnet) som avgjer kva sone brukar av tenestene høyrer til i.