Oppgåvene for pleie og omsorgstenesta er
-å gje omsorg, behandling, rehabilitering og pleie til den som ikkje maktar personleg omsorg eller praktiske gjeremål i kvardagen, enten i eigen heim eller institusjon.
- å stimulera den enkelte til å halda seg aktiv og førebyggja helsesvikt.
Det er kommunehelsetenestelova og sosialteneste lova som styrer aktiviteten. Kvalitetsforskrifta set føringer på kva kvalitet tenestene skal ha.
Pleie og omsorg heimetenesta har felles sentralbord i Sosialbygget . tlf.56514600.
Alle tenester som pleie og omsorg tilbyr, må søkjast på. Det er oppretta eit eige forvaltningskontor som mottek søknadane og fattar vedtak.
Avdelinga har ansvar for 3 sjukeheimar og 1 aldersheim.
Heimetenesta er delt inn i 6 geografiske områder med kvar sin leiar. Det er adressa (veg-namnet) som avgjer kva sone brukar av tenestene høyrer til i.