Informasjon Publisert 09.02.2010

9 unge artistar/grupper presenterte sine kulturinnslag under den lokale Ungdommens Kulturmønstring (UKM) på Voss laurdag 6. februar.  Kvaliteten på det dei unge kulturutøvarane presenterte, var gledeleg høg, så juryen kvitterte med å senda heile 17 Vossa-ungdommar (frå 14 til 19 år) vidare til UKM-fylkesmønstringa i Bergen i april.

Informasjon Publisert 05.02.2010

På saklista til Formannskapet denne veka var også saka om innføring av eigedomsskatt i heile kommunen.  Budsjettvedtaket i desember baserte seg som kjent på monaleg kommunal inntektsauke som følgje av utvida eigedomsskatt.  Sett på denne bakgrunn kan det vel knapt kallast noko overrasking at Formannskapet(FPL) mot 1 røyst nå tilrår eigedomsskatt i heile kommunen. 

Saka kjem opp til endeleg avgjerd i Voss kommunestyre i møte 10. februar.

Informasjon Publisert 01.02.2010
gullsekken.jpg

Hordaland fylkeskommune har sendt inn forslag om Bjørgum skule som beste skule i Gullsekken 2010. Gullsekken er Den kulturelle skulesekken sin eigen pris.

Sjå elles http://www.dks-hordaland.no/ og http://kampanjeside.com/gullsekken/.

Informasjon Publisert 29.01.2010

Søkjarlista for utlyst stilling som kommunalsjef Helse og Sosial er nå offentleg. Det er i alt 5 søkjarar til stillingen.

Informasjon Publisert 29.01.2010

Søkjarlista til utlyst stilling som kommunalsjef for Kultur og Fritid er nå offentleg. Det er i alt 11 søkjarar til denne stillingen.

Informasjon Publisert 28.01.2010

I samband med etterforsking av ei kriminalsak har det kome for dagen at ein sommarvikar i kommunal heimehjelpsteneste kan ha misbrukt informasjon. Ein heimehjelpsmottakar  er seinare utsett for  tjuveri . 
På dette grunnlag har Voss kommune iverksett kartlegging av korleis vedkomande sommarvikar vart engasjert, omfang av  arbeidstilhøvet og kor mange heimehjelpsmottakarar som har motteke kommunale tenester frå vedkomande.

Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
Voss kommune
Uttrågata 9
Boks 145
5701  Voss
 
E-post : postmottak@voss.kommune.no
 
 
Telefon : 56519400
Faks : 56519651
Org.nr. : 960510542
Kommunenr. : 1235
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Eksterne lekkjer
Visitvoss
Vakttelefon Tekniske tenester
Vakttelefon Tekniske tenester
Regjering og Departement
Vegvisar til det offentlege
For tilsette!
Bedrekommune
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      Voss kommune e-post