Arbeidsmarknad

Voss har eit variert næringsliv der handel, transport og tenesteyting/service er tunge sektorar, i tillegg til landbruk og reiseliv. Voss har og eit industrielt miljø knytt til mekanisk industri, næringsmiddelproduksjon, sylvvareverksemder og møbelindustri.

Offentleg tenesteyting er den største næringsgreina, og undervisning og helse/omsorg er dei store sektorane innan offentleg tenesteyting. Handel, transport og reiseliv er den nest største næringsgreina.

Voss har 400 gardsbruk som er i aktiv drift (per 2014).

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering