Vossestrand skule best på Smartare Energi

Vossestrand.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

6. klasse ved Vossestrand skule har vunne den nasjonale finalen i SMARTare Engergi med oppgåva si gitt frå Voss Energi.

5. februar vart den årlege smart-campen arrangert i idrettshallen for alle 6. klassane i skulane på Voss. Det er Ungt Entreprenørskap som saman med Kommunalavdeling Oppvekst arrangerer SMARTcampen. Elevane får ei oppgåve eller ei problemstilling som dei skal løyse i gruppe. Problemstillinga i år kom frå Voss Energi:

Lag ein modell av eit eller fleire tiltak som kan bidra til at den nye byen i Myrkdalen (hus, skianlegg og hotell) vert mest mogeleg sjølvforsynt  med energi frå nærområdet.

  • Dersom energien ikkje skal nyttast med ein gong må de tenke over korleis den kan lagrast. Det er ikkje lov å nytta energi frå straumnettet.
  • Bygningane bør utformast slik at dei nyttar minst mogeleg energi og kanskje produserer meir enn dei bruker sjølv. (Plusshus). 

 

Av den lokale juryen som var sett saman av  Gunnar Bergo, Per Berge og Bjørg Mundal, vart Vossestrand vinnar lokalt og representerte Voss på fylkesfinalen på Vil Vite i april. Her vart det 2. plass og dei 3 beste forslaga i Hordaland vart sendt som bidrag til den nasjonale kåringa.

Der gjekk Vossestrand til topps og i juryen si grunngjeving står det fylgjande;

«Elevene leverte en overbevisende presentasjon samtidig som de hadde utviklet en detaljrik modell for å illustrere sin løsning. Gruppa har utviklet en helhetlig løsning hvor alle elementer spiller på lag og de leverer en meget reflektert rapport. Koblet til faglighet rundt energiutnyttelse og fornybar energi er dette et imponerende arbeid.»

 

Den nasjonale juryen var sett saman av representantar frå Ungt Entreprenørskap Norge.

 

Me gratulerer elevane, lærarane og skulen med flott prestasjon!

Sist endra 12.06.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering