Vossabadet er opna

Vossabadet vart opna tysdag. Mellom anna med stup-oppvisning - Klikk for stort bileteVossabadet vart opna tysdag. Mellom anna med stup-oppvisning

 

Med eit hopp frå 5-meter opna ordførar Hans-Erik Ringkjøb Vossabadet tysdag.

Inviterte gjester frå nabokommunar, idrett, stat, fylke og bidragsytarar var alle til stades då det nye badet opna. 

Vossabadet som prosjekt har kosta 133, 5 millionar kroner. Ei inititativgruppe samla inn 13,5 millionar kroner frå private og næringslivet som bidrag til Vossabadet, som no står ferdig. 

Under opninga vart badet helsa frå både fylkesmann Lars Sponheim, fylkeskommunen, idrettskretsen og nabokommunar og nærmaste nabo Voss gymnas.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb la i si tale vekt på å takka alle dei som har gjort ein ekstra innsats for å realisera Vossabadet:

 

Symjegruppa ved Gunnvor Loven, for å ha halde det gåande i det gamle bassenget i år ut og år inn, samstundes som gruppa har stått på for å få på plass nytt symjeanlegg. Gunnvor Loven kalla dagen ein stor festdag for både Voss idrettslag og symjegruppa, og tok publikum med på ei reise gjennom år med ynskjer om nytt basseng. No står badet her, og Gunnvor Loven var glad også for samarbeidet mellom alle partar kring Vossabadet.

Frå andre symjeklubbar har me høyrt døme der det har vore vanskeleg å få tid i nye anlegg og at her hadde me ein kamp å ta. Men slik vart det ikkje på Voss; Her har det stort sett vore fryd og gammen! Representantar frå idretten har fått plass i styret og me har gjennom god samhandling kome fram til gode løysingar for symjeidretten. Me gler oss til å ta symjeanlegget ordentleg i bruk. Me vil bidra med å fylla det med aktivitetar kvar einaste dag, sa Gunnvor Loven. Ho takka også Hans Engelsen Eide, Bård Gjerde, Jorunn Lødemel og Trond Håvard Bjørnstad for deira jobb. - Og kanskje den neste olympiske meisteren frå Voss er ein symjar!

 

Ordføraren takka også Hans Engelsen Eide, representant for innsamlingsaksjonen, som både la press på kommunen og andre då kulturdepartementet lyste ut ekstramidlar, hyra inn arkitektar og laga promovideo, og vidare samla inn pengar til badet. Engelsen Eide viste til det enorme engasjementet som kom for dagen då arbeidet med å samla inn pengar starta.

- Det vart eit maskineri som ikkje let seg stogga. Ingen ville stogga det heller. Avisa Hordaland var med, private var med, bedrifter var med. Bankar og næringsliv, Eli Brandseth gav heile minnefondet etter mannen sin, klasse 1 B ved Vangen skule samla inn 559 kroner. Og mange mange fleire.

 

Etter Hans Engelsen Eide var det byggekomiteen, HLM Arkitektar, som har teikna badet, Constructa, som har bygd badet og prosjektleiarane Kjell Kvam og Rune Breistein sin tur til å få takk 

I tillegg fekk fire personar ekstra heider for å ha utgjort ein skilnad i prosjektet: Gunnvor Loven og Hans Engelsen Eide for framifrå innsats i forkant, Torbjørg Austrud og Kathrine Løno Lahlum for framifrå innsats i gjennomføringa og med den daglege fortløpande oppfølginga. 

 

Vossabadet er organisert som eit kommunalt føretak med eiga styre, leia av Torgunn Hegland, og samansett av folk både frå idrett og næringsliv. Dagleg leiar er Geir-Ole Selland, som har med seg eit god stab av både heiltidstilsette og deltidstilsette. Han fekk nøkkelen overlevert av Jorunn Lødemel. Selland nytta høvet til å takka for god hjelp frå andre symjeanlegg i fylket, ADO Arena i Bergen og Osbadet i Os. - Tusen takk for det de har gjort for å hjelpa ein fersk badesjef, sa Selland. 

 

Vossabadet sine opningstidar og prisar finn du på heimesidene til badet, Vossabadet.no

Sjå bilete frå opningsfesten under her:

Ordførar Hans-Erik Rinkjøb opna badet frå 5-meteren - Klikk for stort bileteOrdførar Hans-Erik Rinkjøb opna badet frå 5-meteren

 

Vossabad-opning (7).JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Badet fekk gåver, bilete frå nabokommunane Ulvik, Granvin og Eidfjord. På biletet: Ingebjørg Winjum, Granvin, Brede Abbedissen, programleiar for opninga og Anved Johan Tveit, Eidfjord. - Klikk for stort bileteBadet fekk gåver, bilete frå nabokommunane Ulvik, Granvin og Eidfjord. På biletet: Ingebjørg Winjum, Granvin, Brede Abbedissen, programleiar for opninga og Anved Johan Tveit, Eidfjord. Innsamlingsaksjonen hadde med gåvesjekk av sjeldan storleik - Klikk for stort bileteInnsamlingsaksjonen hadde med gåvesjekk av sjeldan storleik

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Geir-Ole Selland fekk nøkkelen til badet av nestleiar i styret, Jorunn Lødemel - Klikk for stort bileteGeir-Ole Selland fekk nøkkelen til badet av nestleiar i styret, Jorunn Lødemel

Torbjørg Austrud, Kathrine Løno Lahlum, Hans Engelsen Eide og Gunnvor Loven fekk takk for framifrå innsats. - Klikk for stort bileteTorbjørg Austrud, Kathrine Løno Lahlum, Hans Engelsen Eide og Gunnvor Loven fekk takk for framifrå innsats.

Sist endra 05.10.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering