Voss startar dirigentopplæring

Foto frå dirigentutdanninga til institutt for musikk og dans ved Universitet i Stavanger. - Klikk for stort bileteFoto frå dirigentutdanninga til institutt for musikk og dans ved Universitet i Stavanger. Universitetet i Stavanger/Morten Berentsen

 

 

Voss kulturskule startar undervisning i direksjon, og vert ifylgje kulturskulerektor Oddvar Nøstdal første kulturskulen med dirigering som eige fag. - Etter det eg veit blir me første kulturskulen i Noreg, og kanskje i Europa som tilbyr dette, seier Nøstdal. Nedre aldersgrense for deltakarane er 8. klasse. Undervisninga vert eit pilotprosjekt i samarbeid med Institutt for musikk og dans ved Universitetet i Stavanger. Kulturskulerektor Oddvar Nøstdal seier det er lite kompetanse på direksjon i regionen, og at det er viktig å koma i gang tidleg  for den som vil bli dirigent.

Kulturskulen har engasjert Bjørn Breistein som timelærar i faget, som vil ha løpande opptak. Målsetninga er å gje elevane grunnleggande innføring i dirigentfaget, og etter endt utdanning skal elevane kunne fungera som dirigent for lokale skulekorps og liknande. Undervisninga skal også gje grunnlag og fagleg fundament for vidare fordjupning og utdanning innan direksjon. I løpet av utdanninga er det praktiske viktig, og elevan eskal gjennom heile utdanninga få dirigera fleire ensemble, med oppfygljing både individuelt og i grupper.

Meir informasjon her

Sist endra 22.06.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering