Voss på Vipps

Vipps.jpeg - Klikk for stort bilete

 

Voss kommune er på betalingsløysinga Vipps. Det betyr i fyrste om gang at innbyggjarane kan betala for skjenkeløyve, torgleige og landingsavgift på Vipps. Voss kulturhus tek også i mot betaling på Vipps. I løpet av hausten vil det også bli mogleg for folk å betala faktura på Vipps.

Det er lett å finna kommunen, det gjeld å søkja etter Voss kommune, og vips, så kan du senda pengar. Det er ikkje mogleg å be om pengar frå Voss kommune via Vipps. 

For at me skal ha oversikt over kva folk betalar for, må den som skal betala velja frå ein meny. Menyen vil bli oppdatert og endra etterkvart som løysinga utviklar seg.

Voss kommune er mellom dei fyrste kommunane som er på Vipps. Voss var også mellom dei aller fyrste kommunane som tilbaud mCash. Denne løysinga gjeld framleis, men vil bli fasa ut i løpet av året.

 

 

Sist endra 16.05.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering