Voss herad frå 1. januar 2020

Samanslåing4.jpeg - Klikk for stort bilete  

Den nye kommunen skal heita Voss herad. Det er klart etter at både eit møte mellom kommunestyret i Voss og heradsstyret i Granvin, heradsstyret i Granvin og kommunestyret i Voss onsdag formelt vedtok å etablera ein ny kommune. Vedtaket inneber også oppfylging av intensjonsavtalen som tidelgare er vedteken av både Voss og Granvin, og som legg føringar for samanslåinga av dei to kommunane. Mellom anna at administrasjonssenteret skal vera på Vossevangen, og at både skule, barnehage pg sjukeheim framleis skal vera etablert i Granvin.

I intensjonsavtalen var det presisert at den nye kommunen skal heita Voss, men det var ikkje presisert om nemninga skulle vera kommune eller herad. Spørsmålet vart aktualisert i sommar, og det har vore eit ordskifte om saka, mellom anna i pressa. I møtet sist fredag gjekk ei samrøystes mellombels fellesnemnd inn for at namnet på den samanslåtte kommunen skal vera Voss herad.

Det vart også klart onsdag av Fellesnemnda skal ha dei same medlemene som har vore i mellombels fellesnemnd, med ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Voss) som leiar og ordførar Ingebjørg Winjum (Granvin) som nestleiar.

Sist endra 31.08.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering