To millionar kroner til Palmafossen

palmafoss.JPG - Klikk for stort bilete

 

Voss kommune har fått to millionar kroner til utviding av busslomme og gang- og sykkelveg inn til Palmafossen skule.

Det er klart etter at Utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune har tildelt tilskot frå ordninga Trygg skuleveg og punktutbetring.

Fylkeskommunen fekk inn søknader frå ei rekkje tiltak i fylket, med samla søknadssum på vel tre gonger ramma for tilskotsordninga.

Til saman vart det delt ut 20.770.000 kroner til trygg skuleveg og punktutbetring i kommunane Askøy, Austrheim, Bømlo, Fitjar, Jondal, Kvam, Lindås, Os, Vaksdal og Voss.

Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering