Stjernestøv på Vetleflaten

Kåre Mykkeltvedt er ein av dei som deltok i fotoutstillinga Stjernestøv. Han og kona Aud likte godt resultatet på veggen. Fotograf Birgitte Horn står bak utstillinga, i lag med Janneke Hoekstra (t.h.) som assistent. - Klikk for stort bileteKåre Mykkeltvedt er ein av dei som deltok i fotoutstillinga Stjernestøv. Han og kona Aud likte godt resultatet på veggen. Fotograf Birgitte Horn står bak utstillinga, i lag med Janneke Hoekstra (t.h.) som assistent. Tor Halvorsen

 

Den årlege sommarfesten på Vetleflaten fekk ein  pangstart med opning av fotoutstillinga Stjernestøv torsdag. Det er fotograf Birgitte Horn som saman med assistent Janneke Hoekstra som står for utstillinga, der dei har fotografert fleire av dei som bur på Vetleflaten.

Fotograf Birgitte Horn seier meininga var å bli med attende til tida der den mentale alderen stogga. Altså, ein er ikkje eldre enn ein kjenner seg, og for dei fleste av oss er det gjerne slik at ein kjenner seg yngre enn ein er.

- Eg har sett dei inn i ein Hollywood film-noir, seier Birgitte. Kvar av modellane er avbilda to gonger, eit mindre fargefoto av slik dei faktisk ser ut. Hovudbilete er stort, i svart-kvitt og der modellane er oppdressa og framstår som filmstjernene på den tida modellen var ung vaksen.

Birgitte Horn har i mange år arbeidd som fotograf, og seier ho har tenkt på dette prosjektet lenge. – Eg spurte Mette Stark (områdeleiar aust) om å få gjera det, ho sa ja med ein gong. Så meldte bebuarane som ville vera med seg på, eg gjorde eit raskt intervju via eit spørjeskjema, og på ein dag var alle fotografia tatt. Det var ein utruleg kjekke dag!

Utstillinga vert no hengjande ei tid på Vetleflaten. Kva som så skjer, er ikkje klart, men kanskje vert utstillinga å sjå andre stader.

Bileta skapte stor begeistring hjå både tilsette, bebuarar og pårørande som var på veg til sommarfest og grillmat. Oppmodinga er i alle fall klar, ta turen innom å sjå utstillinga Stjernestøv.

 

Sist endra 16.06.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering