Søk SMIL, ny frist 1.oktober

Voss kommune har framleis midlar igjen til ‘Spesielle miljøtiltak i jordbruket’ –SMIL. Tilskotet skal bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket, samt redusere ureininga frå landbruket – utover det som er venta ved vanleg jordbruksdrift.

Døme på tiltak som kan få tilskot kan vere rydding og tilbakeføring av gammal kulturmark, tilrettelegging av tilgjenge i landskapet, ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø gjennom skjøtsel, vedlikehald og i standsetting. Det er no også eit særleg fokus på tiltak for utrydding av svartelista artar og hydrotekniske tiltak for å hindre erosjon.

Det er og tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt der formålet er å leggje til rette for større heilskaplege prosjekt med fleire grunneigarar.

Tilskot kan berre ytast til gardsbruk der det føregår produksjon som har rett på produksjonstilskot i landbruket. Søknadsskjema og meir informasjon finn du her.hus på staup.jpg - Klikk for stort bilete

 

Frist for søknad på SMIL i 2017 er 1.oktober. Ta kontakt med Voss kommune om du har spørsmål.

Sist endra 12.09.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering