Skøytebanen er opna

Skøytebane (10).JPG - Klikk for stort bilete

 

Tysdag opna Voss kommune skøytebanen utanfor Voss tinghus. Banen er kome i stand som eit prosjekt som handlar om mellomnelse byrom. Det er eit ledd i arbeidet med sentrumsplanen, og prosjektet er støtta av både Hordaland fylkeskommune gjennom  og Norges skøyteforbund. Banen er bygd av Voss kommune, og er eit samarbeid mellom prosjektleiar for sentrumsplanen Elisabeth Lillegraven, Grøn etat,Bygg og eigedomsavdelinga og Kristin Lemme i næringsavdelinga. 

Skøytebanen er det første av fleire prosjekt som skal skapa liv i sentrum. Under opninga møtte det opp både born og vaksne som svinga seg på isen, drakk kakao og kosa seg. Øystein måkestad, som er skøyteentusiast, snakka varmt for skøytesporten, og varaordførar Sigbjørn Hauge opna banen, ved hjelp av nyslipte klappskøyter. 

Meininga er at banen skal stå til februar. Underlaget til banen er laga av plastmatter som gjer det mogleg å bruka banen også når isen er smelta. 

Skøytebane (6).JPG - Klikk for stort bilete

Sist endra 10.01.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering