Skøytebane ved Tinghuset

Voss kommune byggjer skøytebane utanfor Voss tinghus - Klikk for stort bileteVoss kommune byggjer skøytebane utanfor Voss tinghus

 

Som ledd i den nye sentrumsplanen har Voss kommune planar om fleire mindre prosjekt på Vangen som handlar om mellombelse byrom. Eitt av desse er å laga skøytebane på plassen utanfor Voss tinghus. Arbeidet med å bygga isbanen er i gang, men det er førebels uklart når banen blir klar.

Banen er eit samarbeid mellom prosjekteiar for sentrumsplanen, Elisabeth Lillegraven, Grøn etat, Bygg og egedomsavdelinga og Kristin Lemme hjå næringsavdelinga. Hordaland fylkeskommune har gått inn med tettstadmidlar og skøyteforbundet stiller med plastmatter, som gjer det mogleg å gå på skøyter også når isen smeltar. 

Dette er første gong ein byggjer ein slik bane på Voss, og det er viktig å understreka at ein derfor ikkje veit heilt sikkert når banen opnar. 

 

Plastmatter som underlag er levert frå Norges skøyteforbund, og kom til Voss onsdag. - Klikk for stort biletePlastmatter som underlag er levert frå Norges skøyteforbund, og kom til Voss onsdag.

Sist endra 04.01.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering